Gjeld
Gjeldsgrad viser forholdet mellom gjelda og inntekta til hushaldet, og seier noko om kor eksponert hushaldet er for renteauke og inntektsbortfall. Betalingsvanskar og uhandterleg gjeld heng saman med dårlegare psykisk og fysisk helse [1]. Meir generelt er låg inntekt og lite finanskapital er knytt til fleire helseproblem, og økonomiske problem er blant dei sterkaste negative faktorane for tilfredsheit med livet [2]. Den geografiske fordelinga av gjeldsbelastning gir kommunane og spesialisthelsetenesta eit bakgrunnsbilete når dei vurderer situasjonen til utsette grupper.
Definisjon
Høg gjeld er definert som samla gjeld på meir enn tre gonger samla inntekt.
Samla inntektomfattar yrkesinntekter, kapitalinntekter og skattepliktige og skattefrie overføringar, før skatt [3]. Gjelda er samla gjeld frå skattemeldinga, inkludert andelseigars del av gjelda i burettslaget[3]. Statistikken omfattar personar i privathushald. Studenthushald og personar registrerte busette på institusjon er ikkje med [3].
Måltal
Indikatoren viser prosentdel hushald med gjeld på minst tre gonger hushaldet si inntekt.
Metodiske avklaringar
Indikatoren tek ikkje omsyn til reelle renteutgifter eller formue, og skil ikkje mellom sikra og usikra gjeld.
Mange med høg gjeldsgrad er unge hushald i etableringsfasen. Indikatoren kan difor ikkje nyttast direkte til å identifisere hushald med sårbar privatøkonomi.
Kostnadsnivået, særleg for bustad, varierer betydeleg mellom kommunane. Variasjon i gjeldsgrad mellom kommunar er difor ikkje eit eintydig uttrykk for skilnader i velferd.
Datakjelder
Statistisk sentralbyrå (SSB), tabell 08781 «Hushald (prosent), etter gjeld, år og region». Statistikken byggjer på administrative register frå mellom anna Skatteetaten, Husbanken og Lånekassen.
Referansar
[1] Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstjenesten (Ukom) (2022). Betalingsvansker – en pasientsikkerhetsrisiko,kap. 4
[2] SSB, Barstad, A. (2020). Økonomi, helse og livskvalitet. En analyse av Levekårsundersøkelsen EU-SILC 2017. Rapporter 2020/29, kap.7.1 & kap. 9.3
[3] SSB, Definisjoner av viktige begrep og variabler, Inntekt og formue for husholdninger