Personar som bur trangt
Indikatoren viser andel personar busett i Norge som bur trangt.
Hushaldningar vert rekna som trangbudde dersom:
1. Antall rom i bustaden er mindre enn antall personar, eller éin person bur på eitt rom
2. Antall kvadratmeter (p-areal) er under 25 kvm. per person.
Der det manglar opplysningar om antall rom eller p-areal, blir hushaldningar rekna som trangbudde dersom ein av dei to vilkåra er oppfylt.
Å bu trangt er éit av fleire mål på redusert bu-kvalitet. Bu-kvalitet har betydning for helse på fleire måtar. Ein vanskeleg busituasjon kan påverke barn og unge sine levekår og helse; det påverkar skuleprestasjonar og deira sosiale liv. Vedvarande låg bukvalitet og langvarig leige av bustad aukar m.a. sannsynet for at barn ikkje tek venner med heim.
Vanskelegstilte på bustadmarknaden er som regel i utgangspunktet ei marginalisert gruppe som er kjenneteikna av låg inntekt, låg eller ingen utdanning og svak tilknyting til arbeidsmarknaden. I eit folkehelseperspektiv er dette samanfallande med dårlegare helsetilstand. For sårbare grupper kan ein vanskeleg busituasjon bidra til å forsterke og oppretthalde eksisterande helseproblem og sosiale utfordringar.
Kjelde: SSB