Pasientar (18 år +) med alvorlege psykiske lidingar
Indikatoren viser alle pasientar (rate per 1000 innb.) som har fått ei av følgjande diagnosar enten som hovud- eller bidiagnose det aktuelle året:
a) F20: Schizofreni (psykoseliding). Ofte langvarige og behandlingstrengande tilstandar, som gjev varierande grad av funksjonsnedsetting og ofte behov for varige kommunale tenester.
b) F25: Schizoaffektive lidelsar (schizoaffektive psykosar)
c) F30-F33: Omfattar alvorlege stemningslidingar med maniar, depresjonar og bipolare lidingar. Kan ha større hjelpebehov i periodar, men også meir varig. Ulike alvorlegheitsgrader.
d) F60-F69: Personligheitsforstyrringar og atferdsforstyrrelsar hjå vaksne. Ofte varige tilstandar som kan influere på evna til å fungere godt i samfunnet generelt. Ulike alvorlegheitsgrader.
I neste omgang vert den samla bruken av spesialisthelsetenester innanfor psykisk helsevern/rus for desse pasientane vist.
Denne bruken av tenester vert delt inn i kategoriar:
a) Polikliniske konsultasjoner (inkl. dagbehandling) pr. år
b) Private psykiatriske avtalespesialistbesøk pr. år
Diagnosane omfattar pasientane med dei mest alvorlege diagnosane, og ikkje alle som blir behandla innan det psykiske helsevernet.
Mange kan ha fleire besøk i spesialisthelsetenesta årleg, og omfanget av dette varierer også mellom kommunane. Andre har ikkje vore under spesialistbehandling i det aktuelle året.
Ein kan difor ikkje bruke dette som indikator for det samla omfanget (prevalensen) av alvorlege sinnslidingar i den einskilde kommunen.
Datakjelde: Norsk Pasientregister (NPR) via Helse Vest.