Utanforskap (20-66 år)
Vaksne utanfor arbeid, utdanning og arbeidsretta tiltak
Indikatoren viser andel vaksne (20-66) år pr. 1000 i aldersgruppa som står utanfor arbeid, utdanning og arbeidsretta tiltak.
Indikatoren er eit sentralt mål for å kartlegge i kva grad den yrkesaktive befolkninga deltek på samfunnet sine kjernearenaer for arbeid, læring og aktivitet. Den gir innsikt i kvar det er behov for innsats, og er viktig for å styrke inkludering, førebygge utanforskap og sikre bærekraftige velferdsordningar.
Å vere i arbeid, utdanning eller arbeidsretta tiltak er viktig for sosial deltaking, økonomisk tryggleik og betre helse. Å stå utanfor desse arenaene betyr ofte å stå utanfor fellesskap, utviklingsmoglegheiter og ei fast inntekt. Indikatoren fangar difor opp ei viktig form for utanforskap.
Tal på kor mange som står utanfor arbeid, utdanning og tiltak i alderen 20–66 år, som er den primære yrkesaktive delen av befolkninga, gjev viktig informasjon til førebyggande innsats.
Tverrfagleg og systemrelevant
Personar i denne gruppa kan ha samansette utfordringar: helseproblem, låg kompetanse, manglande tilpassing frå arbeidslivet, eller sosiale barrierar. Indikatoren synleggjer behovet for betre samhandling mellom aktørar som NAV, helsevesen, utdanningsinstitusjonar og arbeidsgjevarar, og kan nyttast som grunnlag for felles innsats og er relevant i lokal folkehelseoversikt, samfunnsplanlegging og politikkutforming.
NEET er ei forkorting for «Not in Education, Employment or Training» I denne statistikken er NEET avgrensa til busette i alderen 20–66 år som ikkje er sysselsette, under ordinær utdanning eller deltakarar på arbeidsmarknadstiltak.
Personar som er utanfor desse kategoriane, er plasserte i NEET-gruppa. Dei har i staden ei av dei følgjande prioriterte statusane; registrerte arbeidsledige, mottakarar av arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd, mottakarar av AFP eller alderspensjon.
Kjelde: Statistikk frå SSB om arbeidsstyrkestatus (inkludert NEET), tabell 13563.