Utskrivingsklare liggedøgn
Spesialisthelsetenesta har ei varslingsplikt til kommunen innan 24 timer etter innlegginga når pasienten kan ha behov for hjelp frå den kommunale helse- og omsorgstenesta etter utskriving. Kommunane skal betale for utskrivingsklare pasientar som blir liggande på sjukehus i påvente av eit kommunalt tilbod. Frå 2019 omfattar ordninga også pasientar innan psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Kapasitet og organisering av den kommunale tenesta er faktorar som kan verke inn på omfanget av utskrivingsklare liggedøgn. Det er ulike mål som kan nyttast for utskrivingsklare liggedøgn: Tal pasientar, tal liggedøgn og tal fakturerbare liggedøgn. Det siste målet har ikkje nasjonal statistikk tilgjengeleg.
Definisjon
Måltal
Indikatoren viser tal og rate per 1000 innbyggjarar.
Metodiske avklaringar og tolking
Dette er ein teknisk telling av somatiske liggedøgn etter at pasienten er klar for utskriving, og vil kunne avvike frå dei faktisk fakturerbare liggedøgna som kommunen må betale for.
Metode:
Summerer ukpDager, filter og tar med sjukehusopphold (niva <> 'F') i somatikken (sektor = 4). På grunn av annonymiseringsteknikk kan tall avvike noko frå grunnlagsdata.
Datakjelder
Norsk Pasientregister (NPR)
Teknisk uttrekk
Summerer ukpDager, filter og tar med sjukehusopphold (niva <> 'F') i somatikken (sektor = 4). På grunn av annonymiseringsteknikk kan tall avvike noko frå grunnlagsdata.