Befolkningsframskriving og berekraft
Forventa utvikling av innbyggartalet og alderssamansetninga i befolkninga er av stor interesse i all planlegging og prioritering, særleg for kommunane.
Statistisk Sentralbyrå (SSB) lager prognosar basert på eigne framskrivingsmodellar og presenterer dei ofte som tre ulike alternativ; høgt, middels og lågt anslag. For indikatoren er det middel-alternativet som blir presentert. Det er viktig å understreke at slike anslag kan bli endra av ulike årsaker, som t.d. oppretting og nedlegging av nye større arbeidsplassar etc.
Bærekraftsbrøk handlar om forholdet mellom tal personar i arbeidsfør alder og talet på alderspensjonistar. Dette vil handle om tilgjengeleg arbeidskraft i høve dei eldre som er utanfor arbeidslivet. Utviklinga av denne i tida framover er av stor betydning for samfunnsplanlegginga.
Sidan ein stor del også i yngre aldersgrupper står utanfor arbeid gjennom uførepensjonering, har SB ein variabel som korrigerar også for dette (uførejustert bærekraftsbrøk).
Vaksne: 18 til 66 år
Alderspensjonistar: over 67år
Barn: <= 17 år
Framskrivingstall er henta frå tabellnr 14288 (2024 prognosen) i SSB.
Kjelder: SSB og FHI