Spesialisthelsetenester etter hovuddiagnosegrupper (ICD-10)
Alle pasientar som blir behandla i spesialisthelsetenesta får tildelt ein diagnosekode etter diagnosesystemet ICD-10 (International Statistical Classification of Diseases and Related Health Problems). ICD-10 er inndelt i 20 hovudkapittel med ulike sjukdomsgrupper, som igjen inneheld mange einskilddiagnosar (1). Dette kan gje haldepunkt for ulikt forbruksmønster av spesialisthelsetenester knytt til opptakskommunane, inkludert kva fagområde desse handlar om, og utviklinga av bruken over tid.
Definisjon
Indikatoren viser omfanget av bruken av spesialisthelsetenester (innleggingar, liggedagar, polikliniske konsultasjonar inkludert dagbehandling og konsultasjonar hos avtalespesialistar). Desse kan visast samla og for kvar hovuddiagnosegruppe i valt tidsperiode. Tala er basert på årleg gjennomsnittsverdi for 2-årsperiodar.
Måltal
Indikatoren viser tal og rate per 1000 innbyggjarar. Utvikling over tid (mot år 2020) visast i forløpskurver og geografisk variasjon mellom kommunar (tertilar per 1000 innbyggarar) i kartvisning.
Metodiske avklaringar og tolking
Tala speglar ikkje talet på enkeltpasientar i kvar kommune, då kvar pasient kan ha fleire opphald i spesialisthelsetenesta årleg. Det er også varierande praksis og tersklar mellom kommunane når det gjeld å sende tilvisingar til spesialisthelsetenester.
Datakjelder
Norsk pasientregister (NPR)
Referansar
Helsedirektoratet (FinnKode - ICD-10)