Definisjon akutte ambulanseoppdrag (responstid og tal hendingar)
Tida til ein pasient får nødvendig helsehjelp etter ei alvorleg hending, er av avgjerande betyding for å unngå unødvendig tap av leveår og redusert funksjonsnivå.
Ambulanseoppdrag blir delt inn i ulike hastegrader (fargar). For akutte og alvorlege hendingar der tidsaspektet er viktig (også kalla raude oppdrag eller 113-hendingar) er målsettinga å nå fram til pasienten innan 12 minutt etter varsling i tettbygde strøk, medan ein for grisgrendte strøk har sett dette til 25 minutt. Dette skal omfatte 90% av alle henvendingane i området.
Kommunar med både tettbygd og grisgrendt strøk er presenterte med tal for tettbygd eller grisgrendt, avhengig av kvar i kommunen hendingane har skjedd.
På kommunenivå har ein valt å bruke medianverdien som måleparameter. Dette er verdien som er i midten av alle registreringane, og kan i varierande grad skilje seg frå gjennomsnittet som ofte blir brukt i andre samanhengar.
Det er kun akutte hendingar med hastegrad rød, og der hastegraden ikkje har blitt endra undervegs, som inngår. Tal hendingar varsla til AMK vil vere annleis enn tal oppdrag fordi fleire ambulanseoppdrag kan vere knytt til den same hendinga.
Båt- og luftambulanse er ikkje med i dette talmaterialet.
Ambulansepersonalet skal rapportere når ambulansen parkerer på staden for hendinga og det er dette tidspunktet som blir brukt i berekning av indikatoren.
Samhandlingsbarometeret presenterer median responstid (tettbygd/grisgrendt), og også tal på akuttoppdrag i kommunane pr. 1000 innbyggarar. I kommunar med mykje turisme/gjestande vil også oppdrag til desse være inkluderte.
Kjelde: Nasjonale kvalitetsindikatorar Hdir/Norsk Pasientregister (NPR)