Vaksne med fleire kroniske lidingar
Vaksne med fleire kroniske lidingar er ei av dei prioriterte gruppene i Helsefellesskapa i Noreg. Omfanget av kronisk sjukdom har auka vesentleg, og gruppa med fleire samtidige kroniske sjukdomar (multimorbide/multisjuke) utgjer no ein særleg prioritet i tenesteutviklinga. Dette er ei samansett gruppe pasientar som står for ei stor del av ressursbruken i både spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta [1]. Førekomsten av fleire kroniske tilstandar aukar med alder og er knytt til høgare bruk av helsetenester og betre behov for samhandling mellom tenestenivå [2].
Definisjon av utval
Pasientgruppa blir identifisert på bakgrunn av registrert aktivitet i spesialisthelsetenesta, basert på eit definert sett av relevante tilstandar (ICD-10-diagnosar) fastsett av Helsedirektoratet. Diagnosane som ligg til grunn for utvalet er spesifisert i tabellen under. Pasientane er 18 år og eldre og har fått behandling for lidingane innanfor same kalenderåret. Inkluderingskriteria for pasientgruppa med kompleks multimorbiditet (3+) er utarbeidd i samarbeid med Folkehelseinstituttet.
Inndeling brukt i Samhandlingsbarometeret:
- Kronisk sjukdom (1+): Pasientar registrert med ein eller fleire kroniske sjukdomar i det aktuelle året.
- Multisjukdom (2+): Pasientar registrert med to eller fleire kroniske sjukdomar i minst to ulike organsystem i det aktuelle året.
- Kompleks multimorbiditet (3+): Pasientar registrert med tre eller fleire kroniske sjukdomar i minst tre ulike organsystem i det aktuelle året.

Definisjon av indikatorar
Indikatoren viser pasientar i gruppa «Kompleks multimorbiditet», som har som har fått tilbod om kommunale helse- og omsorgstenester i heile eller delar av kalenderåret. Totalt 22 ulike tenesteytingar er rapportert til kommunalt pasient- og brukarregister (KPR). For å kunne vise robuste tal for flest mogleg kommunar har Samhandlingsbarometeret gruppert tenestene basert på to kriteria (1) volum av tenestebruk og (2) klinisk samhøyrsle. Slik kan kategoriane nyttast til å gi ei oversikt over den samla bruken av ulike beslekta tenester i kommunen. Tenester med lite volum i pasientgruppa, og som ikkje naturleg høyrer saman med andre tenester, er ikkje publisert men inngår i det samla volumet av kommunale tenesteytingar. For pasientar med kompleks multimorbiditet er kategoriane som følgjer:
Hele- og omsorgstenester i heimen:
- Helsetjenester i hjemmet
- Praktisk bistand - daglige gjøremål
- Praktisk bistand - opplæring - daglige gjøremål
- Praktisk bistand - brukerstyrt - personlig assistanse
Meistring og støtteteknologi:
- Trygghetsalarm
- Digitalt tilsyn
- Elektronisk medisineringsstøtte
- Lokaliseringsteknologi (GPS)
Institusjonsbaserte og akutte tenester:
- Tidsbegrenset opphold - utredning/behandling
- Tidsbegrenset opphold - habilitering/rehabilitering
- Tidsbegrenset opphold - annet
- Kommunal øyeblikkelig hjelp - døgnopphold
- Dagopphold i institusjon
- Nattopphold i institusjon
Langvarige bustadtilbod:
- Langtidsopphold i institusjon
- Bolig som kommunen disponerer for helse- og omsorgsformål
- Avlastning i institusjon
- Avlastning utenfor institusjon
- Omsorgsstønad
Måltal
Indikatoren viser totalt tal tenester for gruppa kompleks multimorbiditet, samt prosentdel av det totale talet med kompleks multimorbiditet.
Metodiske avklaringar
- Personar registrert i fleire kommunar i same år, blir tilordna den kommunen der siste helsekontakt er registrert, for å unngå dobbeltføring.
- Personar med ugyldig kommune nummer er ekskluderte.
- På kommunenivå blir det ikkje publisert tal for grupper med færre enn fem personar. Små avvik kan derfor forekomme på grunn av anonymiseringsteknikk.
- Alle rader frå tabellen "Enkeltregning" i KPR-data som er knytt til pasient i det aktuelle året er med. Kun filtrering på "Tjenestetype".
Datakjelder
Kommunalt pasient- og brukerregister (KPR)
Referansar
[1] https://www.aldringoghelse.no/fysisk-helse/vanlige-sykdomsbilder-hos-eldre/skropelighet
[2] https://www.fhi.no/he/iplos-registeret/