Kronisk sjukdom
Vaksne med fleire kronisk lidingar er definert nasjonalt som pasientgruppa med fleire kronisk sjukdomar (multimorbide/multisjuke). Den baserer seg på aktivitet i spesialisthelsetenesta og omfattar pasientar frå 18 år alder. Eit sentralt kriterium er at pasientar har mottatt behandling for kronisk liding (sjå Tabellen under) innanfor same kalenderår.

Indikatoren i SB viser tal pasientar >18 år med tre eller fleire kroniske sjukdomar fordelt på minst tre ulike organsystem(kompleks multimorbiditet (3+). Den gir innsikt i pasientane sin bruk av helsetenester det aktuelle året samt utvikling over tid (forløpskurver).
Det er viktig å vere merksam på at pasienten ikkje kjem med i denne statistikken dersom han/ho ikkje har vore innom spesialisthelsetenesta i løpet av eit år. Dette gjeld og pasientar som har fått behandling for den kroniske lidinga i kommunehelsetenesta og pasientar på kommunale institusjonar (sjukeheimar etc.) som får behandling der i staden for i spesialisthelsetenesta. Andelane vil difor omfatte dei mest behandlingskrevjande med kronisk sjukdom.
Det reelle talet på personar som har fått diagnostisert kronisk sjukdom ein gong i livet vil nok difor vere noko høgare enn det vi finn i datamaterialet,
Indikatoren kan sjåast i samanheng med data for gruppa med skrøpelegheit som er basert på registreringar som er gjennomført i kommunane (IPLOS-registreringar).
Teknisk: Om ein pasient flytter i løpet av året vert vedkommande registrert i tilflyttingskommunen for å unngå dobbelt registrering på aggregert nivå. På grunn av annonymiseringsteknikken i rapporten, vil antall som blir vist i rapporten kunne avvike litt frå antallet i datagrunnlaget.
Kjelde: NPR (Norsk Pasientregister)