Ulikheit og Låginntekt
Indikatoren viser andel (%) av hushaldningar/familiar som har vedvarande låg inntekt. Tallene viser eit gjennomsnitt av 3-års periodar.
Låginntekthushaldningar er ein sentral variabel når det gjeld oppvekst og levekår. Desse familiane har mindre enn 60% av gjennomsnittsinntekta å leve for etter skatt, og dette omfattar også faktorar som sosialhjelp og kapitalinntekter. I Norge omfattar dette om lag 10% av hushaldningane.
Det er ofte eit særleg stort fokus på barn som veks opp i låginntektsfamiliar, og utviklinga over tid av denne variabelen.
Gini-koeffisient
GINI-koeffisienten har verdiar mellom 0 og 1 og er ein mykje brukt internasjonal målestokk når ein skal måle inntektsskilnader mellom alle personar i befolkninga. Den vil ha den teoretiske verdien 0 om alle i området hadde heilt lik inntekt, og vidare utover til verdien 1 om all inntekt teoretisk hadde hamna hjå éin enkelt person. Dette betyr at dess lågare Gini-verdien er, dess mindre ulikheiter er det i inntektsfordelinga i det aktuelle området. Aukande Gini-koeffisient over tid tyder då at ein får aukande inntektsskilander.
GINI-koeffisienten kan slik opplyse om det aktuelle nivået av inntektsskilnadane, og korleis dette målet har utvikla seg over tid i området
Internasjonalt ligg Sør-Afrika på topp med ein koeffisient på 0,62 (2015), og Norge ligg mellom dei lågaste med 0,25.
Kjelde: FHI Kommunehelsa