Vassforsyning
Vasskvalitet er ein viktig folkehelseindikator som viser kor stor del av befolkninga som får trygt drikkevatn i tråd med drikkevassforskrifta. God vasskvalitet reduserer risiko for vassborne sjukdommar, støttar førebyggande helsearbeid og speglar kommunen si evne til å sikre reint og stabilt drikkevatn.
I Noreg er overflatevatn ei vanleg kjelde ettersom mange husstandar har nærleik til innsjø og elvar, med ein andel på rundt 89%.[1] Grunnvatn er ei vanleg kjelde for dei mindre anlegga anlegg som forsyner opp til 5000 personar. Både kommunale og private anlegg nyttar grunnvatn og overflatevatn som kjelde.
Dei kommunale anlegga er underlagt Drikkevatnforskrifta, som er harmonisert med EU sitt drikkevassdirektiv. Ein mindre del av befolkninga (ca. 11 prosent) mottek drikkevatn gjennom små, private anlegg. Desse anlegga er ikkje pålagde å reinse eller desinfisere drikkevatnet, men blir råda til jamnlege undersøkingar av vasskvalitet. Forsyner dei private anlegga minst 50 personar, skal dei imidlertid rapportere årleg til Mattilsynet.
I mange kommunar er det desinfisering av vatnet tilstrekkeleg, medan mindre reint råvatn i andre kommunar gjer full reinsing nødvendig. Desinfeksjon skjer ofte ved bruk av UV, som er rimeleg og tilstrekkeleg for vatn som krev lite rens.
I Noreg har dei fleste tilgang til drikke gjennom kommunale anlegg, og desse føretek jamnlege målingar av ei rekke indikatorar for vasskvalitet. Desse indikatorane vert forklarte i det følgjande.
E.coli. E.coli er ein indikator på fekal ureining. Førekomst av bakterien er såleis eit mål på at desinfeksjonsprosessen i anlegget ikkje fungerer optimalt.[2]
PH. Dette er eit mål på kor surt vatnet er. Surt vatn kan vere eit problem fordi det korroderar ledningsnettet og aukar sannsynet for tungmetall i vatnet.
Farge. Farge kjem som oftast av naturlege, organiske komponentar i vatnet. Desse er ikkje nødvendigvis skadelege, men gir lukt og smak i vatnet. Farge kan vere indirekte skadeleg ved at det reduserer effekten ved bruk av UV som desinfeksjon.
Intestinale enterokokkar. Dette er bakteriar som kjem av fekal ureining, og har relativt høg resistens mot klorbehandling.[3]
Kommunalt vassverk, rate uttrykker kor mange per 1000 innbyggjarar som mottek vatn gjennom kommunale anlegg.
Det finst ei lang rekke bakteriar som kan føre til sjukdom, mellom anna e.coli og intestinale enterokokkar. Desse fører sjeldan til sjukdom sjølv om dei førekjem i drikkevatn, men vert nytta som indikatorar for førekomst av breidda av mikroorganismar i drikkevatn.
[1] Rapportering av data for vannforsyningssystemer i Norge for 2023