Dagleg bruk av sosiale medium blant ungdom, over tre timar dagleg
Indikatoren viser andelen ungdomsskuleelevar (8-10.trinn) som svarer at dei nyttar sosiale medium i meir enn tre timar per dag i ein gjennomsnittsdag. Berekningane er basert på andelen av dei som har svart på spørsmålet, og resultata er standardisert for kjønn og klassetrinn. Datagrunnlaget er henta frå Ungdata-undersøkingane, som NOVA gjennomfører i samarbeid med regionale kompetansesenter for rusfeltet, og publisert av helsedirektoratet.
Indikatoren inneheld tre måltal: den eine standardisert for kjønnsfordeling (kjønn samla), og den andre fordelt på kjønn (gutar og jenter).
Det har vorte hevda at sosiale medium er kjelder til opplevd press og misnøye blant ungdom. Ungdomane sjølve knyter symptom på psykiske plager til stress, og dei oppfattar kroppspress og uoppnåelege ideal for skjønnheit og helse som sentrale årsaker til dette stresset. Sjølv om sosiale medium har mange positive sider, kan dei og medverke til auka stress, mellom anna gjennom digital mobbing. (Barn og unges oppvekst og levekår - FHI)
Ved tolking av data må det vurderast om skulane som har delteke i undersøkinga er representative for kommunen som heilheit. Respondenter som ikkje har oppgitt kjønn eller klassetrinn, og personer som har svart på færre enn fire av dei seks spørsmåla om depressive symptom er ekskludert frå analysane. Frå og med 2016 er også data frå haustgjennomførte undersøkingar utelete. Som hovudregel vert det brukt treårige gjennomsnittstal for landet og fylke, men på grunn av COVID-19-pandemien blei det gjort unntak for åra 2021, 2022 og 2023. Referanseverdiane for 2021 og 2022 bygger på enkelttal frå det aktuelle året, grunna pandemirestriksjonane sin påverknad på unge sin livssituasjon. For 2023 blei gjennomsnittet av data frå 2022 og 2023 nytta. Merk at berre Oslo og Møre og Romsdal har gjennomført undersøkinga i 2023.
Dataavgrensningar og personvernomsyn frå datakjelda
Fleire forhold kan føre til at data ikkje er tilgjengelege:
- Statistikker basert på færre enn fire tilfelle vert ikkje publisert av omsyn til personvern.
- Der befolkningsgrunnlaget i eit segment er mindre enn 10 personar, vert tal utelete
- Fylkesdata vises ikkje dersom dei dekker mindre enn halvparten av ungdomsbefolkninga i fylket.
- I tilfelle der informasjon om kjønn, klassetrinn eller tidspunkt for gjennomføring manglar, er det ikkje mogleg å standardisere dataene, og tala vert dermed ikkje publisert.
- Kommunar som har vært gjennom kommunesamanslåingar eller oppsplitting kan mangle data for periodar før eller etter endringa.
- Datainnsamlinga i 2020 blei delvis stoppa på grunn av nedstengningar i samband med pandemien, noko som førte til at fleire kommunar ikkje fekk gjennomført undersøkinga som planlagt.
Ungdata-undersøkinga blir ikkje gjennomført kvart år og på same tid i alle kommunar, noko som også påverkar tilgjengelegheita av data og tolkingane av resultat.
Kjelde institusjon: Helsedirektoratet (Folkehelsestatistikk og profiler - Helsedirektoratet)